Instruments
Ensembles
Genres
Compositors
Artistes

Lletres: Glittertind. Mot Myrke Vetteren.

Velkomen atter hit til vare grender,
velkomen her, du s?le sumarkveld,
med lauv og gras utyver alle strender
og gule blomar i den grone feld,
med lette smasky, lagd i lange render
som tradar i det hoge himmeltjeld,
og med den milde ljossken, som seg breider
utyver fjell og fjord pa alle leider.

Den siste solblenk er i havet sokken,
den fyrste kjem snart or den lage grop,
ein dag er tendrad, fyrr enn hin er slokken,
og kveld og morgon renna heilt ihop.
Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken
og helsar morgonen med glederop.
So riser soli til den lange svingen
og set ein annan let pa heile kringen.

Kom, lat oss noyta tidi, som ho skrider,
og minnast, at ho skrider ofsa fort.
Med kvar ein dag, med kvar ein kveld, som lider,
eit stig mot myrke vetteren er gjort.
Det kjem ein dag, da kvar ein blom, som bider,
er fallen av, og slikt eit fall er stort.
Di skal eg sja pa blomen, fyrr han blaknar,
og noyta sumar'n, fyrr eg honom saknar.